25.-30. JUNI 2024

Risør kammermusikkfest 2024

Herborg medvirker på:

Historien om en soldat

Onsdag 26. juni 2024, kl 20:00

Herborgs historier

Fredag 28. juni 2024, kl 20:00

Festkonsert på Stangholmen

Lørdag 29. juni 2024, kl 18:30

 

Kommande konsertar

Opplev Herborgs varme tolkingar og nærvær

Herborg med logo

Edith Piafs Paris med Herborg Kråkevik

I 2024 er det 61 år sidan Edith Piaf døydde, og over 100 000 franskmenn følgde ho på veg til gravlunden Père-Lachaise. I sitt korte liv hadde Piaf rørt millionar av menneske med sine sterke, men sårbare songar. Musikken hennar er ikkje gløymd, men når stadig nye generasjonar, og det kjem framleis filmar, musikalar og bøker om «Spurven» frå den fattige bydelen Belleville.

På denne turen kjem vi nærare innpå både mennesket og artisten Edith Piaf. Vi skal oppleve dei gamle, tradisjonsrike kafeane i Montmartre, Pigalle og Belleville der Piaf spelte, og vandre i gatene der ho tente sine første myntar som gatesongar.

Med på turen blir Herborg Kråkevik som har turnert med Piaf-forestilling, gitt ut albumet “Piaf og eg” og laga ein dokumentar om artisten for NRK. Herborg blir med oss på heile turen og held to minikonsertar med Piaf sine songar.

Bergens Tidende skriv dette om Kråkevik si Piaf-tolking: «Ikke fordi Herborg etterlikner den franske Spurven, men fordi hun tolker henne med sine egne følelser, sitt eget hjerte og sin egen stemme. Det blir ekte varer av slikt.»

Skodespelar og songar

Herborg Kråkevik er ein allsidig songar og skodespelar, særleg kjend for sine tolkingar av norske songar og viser frå det klassiske norske songrepertoaret, samt for store sceneroller og elleville parodiar. 

Vinteren 2026 er ho med i Hver gang vi møtes på TV2, og våren 2026 kjem òg eit heilt nytt album saman med Trondheimsolistene: Vi vandrar saman  – ein oppfølgjar til suksessalbumet Kråkeviks songbok frå 2000. Albumet fekk fire veker på førsteplass på VG-lista og vart selt i over 250.000 eksemplar, og gav henne Årets Spellemann i 2000.

Dei siste åra har juleheftet Juleroser, med Herborg som redaktør, blitt ein kjær del av julestemninga i mange heimar rundt om i landet, og to album med musikk frå Juleroser er tilgjengelege for strøyming.

Herborg Kråkevik har òg brei erfaring som konferansier og programleiar, mellom anna leia ho Spellemannprisen i 1998 og Kongeparets 75-årsjubileumsfeiring på Operaen i Oslo i 2012, i tillegg til Oslo Børs’ 200-årsjubileum på Oslo Rådhus i 2019. Ho er òg ein ettertrakta artist i
event- og konferansemarknaden.

På scena

På scena har Herborg spelt i mellom anna My Fair LadyRomeo og JulieFunny Girl, Kristin Lavransdatter og Hellemyrsfolket på Den Nationale
Scene – sistnemnde vart den største publikumssuksessen til teateret nokon gong!

Ho har spelt Victoria og Den Glade Enke på Oslo Nye Teater, Spelemann på taket på Det Norske Teatret og Kærlighetens Farve på Odense Teater. Ho
gjorde i tillegg stor suksess med den sjølvkomponerte førestillinga Mi Haugtussa som var hennar scenedebut i 1994.

Førestillinga og albumet Herborgs Verden vart gjennombrotet hennar som soloartist i 1997.

Seinare har ho laga forestillinga Herborgs anden verden, i Danmark.

I 1998 fekk ho Anders Jahres Pris for Yngre Kunstnere, og i 2012 vann ho to Komiprisar for beste førestilling, Kjære landsmenn, som ho spelte på Det Norske Teatret. 

Film

Som filmskodespelar er Herborg mest kjend for hovudrolla i Det største i verden (2001), ein film basert på Bjørnstjerne Bjørnsons Fiskerjenten.
I tillegg kjenner mange henne frå rolla som dronning Iris i Julekongen.

Med førestillinga Eg og Edith turnerte Herborg i Noreg med si tolking av Edith Piaf-songar saman med Odd Nordstoga, noko som også vart gjeve ut på album. For førestillinga Kjære landsmenn på Det Norske Teatret i 2011 fekk Kråkevik pris for beste førestilling – scene, medan nummeret «Dialekter i robåt» vart kåra til årets nummer.

I 2017 laga ho si eiga hyllest til revy-og kabaretteateret Chat Noir med førestillinga Herborg til Chat Noir!.
I 2006 og 2007 hausta ho og Christine Hope suksess med førestillinga Herborg & Hope. For Festspilla i Bergen skreiv og framførte ho i 2013
førestillinga Skram vs Kråkevik – jeg trenger å slå med vingene!.
I 2018 spelte ho tittelrolla i musikalen Kristin Lavransdatter på Den Nationale Scene, som i 2020 vart sett opp att på Akershus festning i Oslo.

Legg til din overskrift her