Presse

Kjære Landsmenn! er ei kjærleikshistorie til fedrelandet skrive og framført av Herborg Kråkevik. Saman med musikalsk leiar og arrangør Kjetil Bjerkestrand vil ho no samla mot til å stå fram som dansk ”kikkar” på det norske. For det er oss det skal handla om, både verbalt og musikalsk. Norge sett utanfrå, Norge i hjarta, Norge til å spy av og Norge til å le av.

Herborg har reist gjennom dette eineståande landet vårt i snart 20 år som artist, reist og sett, vorte lei av det og lengta seg sjuk etter det. No får alle desse motstridande kjenslene fritt spelerom i ukontrollerte utfall og såre, inderlege songar. Bjerkestrand syter for at songbok-syngjande Kråkevik får elektronisk motstand og saman har dei leita seg fram til dei nye-norske lydane; oljefat, båtmotorar, turbinar og heldigvis framleis fossedur…

Her er det lov å le av norske dialektar, norske særingar og av Herborg, eller falla i stavar over norske klassiskarar slik du aldri har høyrt dei før. Viss under-tittelen Mellom bakkar og Himmelbjerg verkar pirrande, kan dette vere kvelden for deg.

Framsyninga er ei blanding av kabaret og teatermonolog der brevskrivaren bryt ut i song, parodiering, trylling, resitasjon og dans når det trengs. 

PÅ SCENEKANTEN er eit publikumstreff med aktuelle skodespelarar umiddelbart etter framsyning. Møt Herborg Kråkevik på scenekanten onsdag 23. november.